Hjartenøtt er ein ny art for kommersiell produksjon i Norge. Endå om det sporadisk er planta nokre valnøtt-tre gjennom tidene, finst det lite og ikkje systematisert kunnskap om dyrking, sortar og produktkvalitet under norske forhold. Erfaringar frå Danmark og Sør-Sverige er det næraste me kjem tilhøve som liknar dei beste dyrkingsområda i Norge. Denne dyrkingsrettleiinga omtalar vekst og utviklinga av hjartenøtt-treet, oppal av trea, gjødsling, stell og drift, hausting, plantevern og omtale av sortar.